HMS-policy for Brekke & Kleppe Anlegg AS
For oss er det ei ære og eit mål å levere arbeid av høg kvalitet til konkurransedyktige prisar. Dette er ein verdi vi kontinuerleg jobbar hardt med for å oppretthalde.
Vi ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Sidan oppstarten i 2001 har vi gjennomført ei rekkje oppdrag, for både private kundar og offentlege oppdragsgivarar. Arbeidet vårt inkluderer mellom anna grunnarbeid, VA-arbeid, opparbeiding av idrettsanlegg, leikeplassar, anleggsgartnararbeid, sprengingsarbeid, knusing av masser i ulike fraksjonar og masseleveransar. Vi driv aktivt i steinbrotet og set høg kvalitet på massene vi leverer høgt i fokus – dette gjennom nøyaktig sortering og bearbeiding av massene. Prosjekta vi gjennomfører omfattar mange spennande og varierte oppgåver.
Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vi forpliktar oss til å involvere dei aktivt i arbeidet med å sikre eit trygt arbeidsmiljø, høg kvalitet og gode resultat. Brekke & Kleppe Anlegg AS har gode rutiner for HMS-arbeid og det vert jobba systematisk med HMS i alle fasene av arbeidet vi utfører. Vi er overtydde om at engasjerte, ærekjære og dyktige medarbeidarar legg grunnlaget for ein trygg arbeidsplass, der arbeidsmiljørisikoar og farar systematisk vert reduserte.
Vår ambisjon er å bidra til ei berekraftig framtid ved å utøve ansvarleg åtferd i alt vi gjer. For å nå måla våre jobbar vi med tydelege strategiar og realistiske handlingsplanar. Vi følgjer alle gjeldande lover, føreskrifter og kundekrav, og vi prioriterer å halde oss fagleg oppdaterte på alle område.
Gjennom kontinuerleg arbeid og forbetring sørgjer vi for å vere litt betre i morgon enn vi er i dag.
Med denne filosofien skal vi vere den føretrekte leverandøren for kundane våre og andre interessentar.